5. årgang, nr 15
Oxford, England
måndag morgon, 6. mars 1893

ansvarleg redaktør: Olav Hansteinsvik
Skribentar:
Lady Van Zandt
Bror Minde
Sunnhordlandsjarlen
Debattredaktør:
Arthur Twinn
Sentralbord:
Bergen Vest 0731
Adresse: Naivisten, Postboks 313, 034 Bergen, Hordaland, Noreg

Bulletin

Aktuelt

Bråkmakarar på ferde
Ny verdsrekord i lengdehopp
Engelsk fregatt mot Bergen
Leigh Hunt arrestert

Kultur

Tirevit i vinden
Shakespeare-dramaet som ikkje var

Vitskap

Katt utryddar fugleart
AC/DC-Krigen spissar seg til

Reise

Portugals Asia-monopol brote

Takyonen

Vitskapens Poe
C.B. Fry med verdsrekord i lengdehopp

Vitskapens Poe

Den frisinna utestaden Takyonen har synt seg som ei ny og spanande tilskot blant byens søkande sjeler.
Sist veke var det eigaren sjølv, vår eigen Arthur Twinn, som heldt foredrag om ein av hans store barndomsheltar. Framfor ein fullstappa sal fekk me eit innblikk i Nikola Tesla sitt liv og arbeid. I løpet av kvelden pensla han innom både barndomen, oppgjeret med Thomas Edison, dei finansielle problema og dei meir spekulative sidene til oppfinnaren.
Det er med stor glede at Naivisten kan gje lesarane eit utdrag av Twinn si framstilling på side 57.

Tirevit i duelldrama

Den kjende, dansarinna Mademoiselle Tirevit si forførande framferd førte sist tysdag til ein luftig duell med dødeleg utfall.
Paris, 1808. Mademoiselle Tirevit har den siste tida sjarmert seg inn i rampelysa på dei ulike dansescenane her i verdsmetropolen med sine sensuelle og grasiøse dansesteg. Mange av byens mest ettertrakta ungkarar har blitt ført inn i dumskap og hjartesorg av den sugerande elegansen hennar. Ingen meir enn Monsieur de Grandpre og Monsieur le Pique.I den oppheita samtalen fall ord som ikkje kunne takast attende og ein duell vart avtalt.
Meir om dette på side 51, del 2

Dei frammøte på Iffley Road, Oxford universitetet sin friidrettsbane fekk seg litt av ein godbit laurdag då multitalentet C.B. Fry, skada og ute av form, sat verdsrekord i lengdehopp
hovudOXFORD,1893. Blant tilskodarane er det stor semje om at den nye rekorden, på 7.17 meter, vil stå i fleire tiår. Enkelte lurte til og med på om rekorden nokon gong vil verta slått. Hovudpersonen sjølv vart overraska over at han greidde å hoppe så langt.

- Eg hadde eit mykje kortare tilløp enn normalt. Men av ein eller anna grunn fekk eg mykje meir sprett i hoppet og oppnådde ein stor høgde. Når eg landa spratt eg rett opp at over seks fot frå planken, sa den adoniske gentlemannen etter det store spranget.

Tung opplading
Han hadde ikkje lagt stor vekt på friidrettsstemnet og møtte opp utan å ha førebudd seg på nokon måte, visstnok skal det ha vore fyrste gong cricketspelaren prøvde seg på lengdehopp sidan barndomen. Rett før det banebrytande tredjehoppet vart han observert i restauranten der han åt ein heftig lunch, som han avslutta med eit glas whisky; Lagavulin 12 års single malt. Hoppet hadde dessutan vore 20 centimeter lengre hadde ikkje satsplanken vore øydelagt og Fry måtte ta sats framfor og ikkje på planken.

Me har nok ikkje sett det siste av den talentfulle 20-åringen. Sjølv om han har spenst som kenguruane i Australia og fart som afrikas geoparder, er det i cricket og fotball unge Fry har det største potensialet. Underteikna er ikkje i tvil om at han vil få landskampar i begge greiner.

AC/DC-Krigen spissar seg til

Kampen om straumkrinsane mellom Thomas Edison og Nikola Tesla spissar seg til. Siste offer er elefanten Topsy.
New York, 1903. Topsy, ein mannevond elefant ved Adam Forepaughs sirkus på den gamle feriestaden Coney Island, vart sist sundag drepen med elektrisk sjokk framfor 1 500 tilskodarar.
Sjølve eksekusjonen varte i nokre få sekundar og vart gjennomført av Thomas Edison for å syna kor farleg AC-straumen - utvikla av Nikola Tesla, ein tidlegare tilsett hos Edison- er for menneske og dyr. Tidlegare har Edison heldt seg til å elektrifisere mindre dyr som kaninar, kattar og laushundar som ein del av sin massive kampanje.
Elektrifiseringa har han prøvd å kalla å Westinghousa, etter George Westinghouse, den finansielle drivkrafta bak Tesla sitt prosjekt. Ein anna konsekvens av kampanjen er ironisk nok at Edison sine menn har funne opp den elektriske stolen - Edison er ein erklært motstandar av dødskraft - som har blitt brukt med vekslande hell sidan 1890.
Held fram på side 4, del 3